lørdag 19. november 2011

Laurdag morgon

Löwe og eg hadde ei fin kosestund på morgonkvisten då far måtte søve lenge fordi han hadde vore ute med poden midt på natta slik at han skulle kunne få gjere frå seg. Eg surfa i sofaen medan Löwe lå attmed meg og eg klødde han på magen. Etterpå gjekk oss tur, ho mor trakka i hundedritt - TO GONGER - og då oss kom inn att var det tid for leik. Löwe sprang att og frå hundre gonger etter snora han har fått frå ein EGER-pose. Moro:)

Ingen kommentarer: